Feiringen av livet er ein roman om mangfaldet som knyter menneska saman. Historia tek utgangspunkt i døden til Eleonora. Dottera hennar Helēna har aldri hatt nær kontakt med ho, men følgjer no ønsket til mora si og inviterer syv for ho sjølv heilt framande personar til gravferd. Om natta etter gravferda fortel dei syv skikkelsane frå fortida kvar si historie med Eleonora som hovudperson. Forteljingane viser Helēna syv ukjende sider av mora, ein innsikt som i laupet av natta gjev ho eit nytt forhold til mora, til seg sjølv og til framtida.
Les meir