Feiringen av livet er ein roman om mangfaldet som knyter menneska saman. Historia tek utgangspunkt i døden til Eleonora. Dottera hennar Helēna har aldri hatt nær kontakt med ho, men følgjer no ønsket til mora si og inviterer syv for ho sjølv heilt framande personar til gravferd. Om natta etter gravferda fortel dei syv skikkelsane frå fortida kvar si historie med Eleonora som hovudperson. Forteljingane viser Helēna syv ukjende sider av mora, ein innsikt som i laupet av natta gjev ho eit nytt forhold til mora, til seg sjølv og til framtida.

Nora Ikstena, født 1969, reknast som den viktigaste yngre romanforfattar i latvisk litteratur. Ho har motteke ein rekke litterære priser for bøkene sine. Med Feiringen av livet kjem Nora Ikstena ut for første gong på norsk.

Livet – verd å feire

Landskap, menneske, stemningar og historier vevast saman til eit gjennomlyst bilete av tilvære, det mangfaldige og kontrastfylte livet, innhylla i eit mysterium frå me fødast til me dør.

Ubegripeleg, men fascinerande, og det einaste me har. Berre dette er det all grunn til å feire, slik Nora Ikstena gjer det i eit kjærkomment møte med diktekunsten i det moderne Latvia.

Dagbladet

Inga Bērziņa har omsett frå latvisk, og dette er den andre latviske romanen på Bokbyen Forlag. Den første var Fordømte ’94 av Jānis Joņevs (2016).

Omslag: Gabriele Patella/Monsonforstock