Ganske nøyaktig 3 år sidan, 13. april 2018, blei to av dei fremste latviske moderne forfattarane – Nora Ikstena og Kārlis Vērdiņš – intervjua av BBC kor Ikstena blei introdusert som «The author of the Baltic bestseller Sovjet milk». Bakgrunnen for intervjuet var den store oppmerksemda baltisk litteratur fekk i bokmessa i London det året.

Foto: Ildze Jansone, Latvian Literature

«Etter intervjuet hos BBC. Det var historisk! Kārlis leste ein tekst også på latvisk. Noko slikt skjer for fyrste gong i historia til BBC!» – skriv Nora på Facebook.

Romanen som blei heitandes Sovjet milk på engelsk, ber tittel Mātes piens på latvisk, og det tyder morsmelk. Ikstena bekreftar i intervjuet at romanen er basert på oppveksten hennar hos mor som ikkje kunne takle den sovjetiske realiteten. Men mest av alt handlar romanen om det utfordrande forholdet mellom mor og datter. Det er noko universelt ved det, uavhengig av epoken dei lever i, seier Ikstena i eit anna intervju. Morsmelk oversettes no til norsk av Snorre Karkkonen Svensson med Inga Bērziņa som språkleg konsulent. Planlagt utgjeving er våren 2022, bekreftar Aschehoug.

Romanen Morsmelk omsetjast no til norsk av Snorre Karkkonen Svensson med Inga Bērziņa som språkleg konsulent. Planlagt utgjeving er våren 2022, bekreftar Aschehoug.


Nora Ikstena er aktuell med ein ny roman Ūdens mirdzēšana (mars 2021). Tittelen til romanen kan omsetjast som skimmeret i vannkrusningar. I neste video fortel Ikstena om skriving av Vannkrusningar og sier: «Når eg hadde skrive Morsmelk, byrja alt det, så å seie, heile det oppstyret rundt Morsmelka. Då trudde eg at eg aldri i mitt liv kom til å oppleve noko vanskeligare enn det. Så meldte vannkrusningar seg. Då skjønte eg at den største prøvinga hadde eg ennå føre meg.»

I denne videoen deler Ikstena også tankane sine om det å vere forfattar. Ikstena har oppsøkt- og levd i fleire kulturar som kan kjennast som vidt forskjellige, seier ho, men: «Dei grunnleggjande tinga er akkurat dei same. I og med at me blir fødd omtrent på lik vis, eigentleg heilt likt, me elskar og ein gong kjem til å forlate denne verda likt … Eg trur at den vanskelegaste oppgåva til forfattaren er det å røre ved einsemda. Fordi i dei augeblikka når me er triste, eller når me blir fødd eller forlater denne verda. Eller når med elsker eller er glade. Då er me med seg sjølv, me er åleine med seg sjølv. Klart, det å røre ved denne einsemda, for å ikkje snakke om å beskrive ho, det er ikkje enkelt i det heile.»

Fortellinga til Nora er teksta både på engelsk og russisk.