Majalunde.com

Det finnast dei som berre ER kule. Markus, til dømes. Han har smilehull i venstre kinn og skarpaste skuddfot i heile skulen. Eller Cornelia, som har silkehår og beveger seg som om ho står på ein scene, sjølv når ho skal på do. Så finnast dei som er endå kulare. Sånne som oss. Helena, Alfred, Ivan og meg. Me er så kule at ingen har oppdaga det enno! Men det er berre eit spørsmål om tid. Det er i alle fall det Helena seier.

Bjørg er hovudpersonen i boka. Ho er oppkalla etter bestemora si og meiner sjolv ho har det døllaste namnet i verda. Ho er heilt ordinær; ja ho er så ordinær at ho eigentleg ikkje har lyst å si kva ho heiter ein gong. Første skuledag etter sommerferien kjem Helena hoppande inn i klasserommet. Ho er bowlingkulerund, har piggsvinsveis, og er kledd i rosa av typen SJOKK.  Helena bestemmer seg raskt for at ho vil lage ein gjeng, den kulaste gjengen i verda, og ho rekrutterar i første omgang ein noko skeptisk Bjørg, før ho også får med seg erkenerden Alfred og den hundre prosent kørka Ivan.

Å danne ein gjeng er ikkje nok for Helena. Ho vil at dei skal lage eit band også! Og målet er at dei skal spele på ein hagefest for klassen. Korleis skal det gå, når nokon av dei verken har musikalsk sans eller evner til å traktere eit instrument?

Nalina Marie Lund i Barnebokkritikk.no

Boka er omsett til latvisk av Inga Bērziņa, ein omsetjar som bur i Bergen, Noreg, men er født og oppvaksen i Jelgava, Latvia. Fram til no hadde ho omsett bøker for vaksne frå norsk, dansk, norrønt og islandsk. Ho hadde lova barna sine å omsette også noken barnebøker, og endelig har det skjedd.

Den største utfordringa hadde Bērziņa i møtet med barnespråket: «Då eg omsette Verdas kulaste gjeng, hadde eg vanskar med tanke på dei høge krava som er stilt i latvisk både med tanke på temaer og språklege uttrykk. I dei norske barnebøkene finnast det forholdsvis få tabu, dei har eit større fridom til å uttrykke seg, dermed også eksperimentere med språket. Der kan dei både banne og bruke sjargong dersom ein føler for det. Medan i Latvia ynskjer ein først og fremst å lære barna eit godt språk ved hjelp av bøker, samt vise kva som er riktig eller galt å tenkje i steden for å setje ord på det som måtte kome innanfrå – både fysisk og kjenslemessig. Temaene forandrer kanskje seg, samfunnet blir forhåpentlegvis meir opent, ein legg større vekt på tanke- og kjensleverda til barna, men språket skaper framleis ein utfordring.»

Iveta Pavziniuka i Zemgales Ziņas (9. juli 2020, s. 21)