Det finnast ein stor åpen plass i Bordeaux kor Ruth går ut av taxien med trillekofferten sin og lurer på om Johannes kjem til å kome. I Bordeaux bur Abel som driv eit galleri, ho tek Ruth med ut i natta. Imedan går Lily, dottera til Abel, under trærne langs kanalen. Der møter ho Ralf, ein ung gut som ber på ein gitarkasse.

Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux er ein kjærleiksroman, ein roman om lengselen etter nærheit og seksualitet, og den villfaringa det kan føre med seg når den andre ikkje er til å møte.

Hanne Ørstavik debuterte med romanen Hakk i 1994, og har gjeve ut til saman fjorten romanar og eit lesestykke, samt boka Der alt er klart i samarbeid med Pierre Duba. I tillegg har ho gjendikta Leslie Kaplans Overskuddet – fabrikken, og omsatt Marguerite Duras’ Stedene. Hanne Ørstavik har motteke ein rekke litterære priser, blant anna Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen og Doblougprisen.

I 2007 fekk Ørstavik Aschehougprisen for heile forfattarskapet sitt, og i 2010 blei ho valt ut som festspeldikter. I 2019 blei romanen Kjærlighet kortlista til  prestisjetunge National Book Award for Translated Literature og The Republic of Consciousness Prize. Same år blei Martin Aitken, omsetjaren til Ørstavik, tildelt PEN Translation Prize 2018 for årets beste omsetjing. Bøkene til Ørstavik er omsett til over 30 språk.

Forlaget Oktober

Omslagsdesign: Ilze Kalnbērziņa-Prā

Forlaget Valodu māja har gjeve ut romanen Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux av den kjente norske forfattaren Hanne Ørstavik.

Kunstneren Ruth drar til Bordeaux kor ho samtidig med opninga av ein kunstutstilling opplever det gryande nye forholdet sitt gjennom minner og grubling. Ho merkar det både fysisk – gjennom kjenslane sine og smerte, men også i kontakt med andre. Lengslene og forventningane hennar er gjennomsyra av ein menneskeleg skøyrheit som forfattaren har lagt inn i det eineståande språket sitt som ein oppspila pust.

Hanne Ørstavik (1969) er ein av dagens mest markante og uttrykksfulle norske forfattarane som skriv eksistensielt direkte prosa om menneskelege forhold ved å openberre kjærleiken i all variasjon. Det språklege og kroppslege i hennar verk viser at det er vanskeleg å definere seg i forhold til andre når ein leter etter og utforsker grensa mellom det å godta at ein kan vere annleis og det å øydeleggje seg sjølv.

Satori

Vær min giljotin

Det kroppslege er ikkje ekskludert, for alt som skjer med kroppen, skjer også med ånda – kulminasjonen av den fysiske intimiteten kan vere både høgdepunktet for nærleik, men den kan også vere ein fullstendig fornekting av han. – Slik byrjar Bārbala Simsone omtala si av Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux i latvisk omsetjing. Vidare følgjer eit par utdrag som er fritt omsett her til norsk.

Intimitet, avstand, realisering av seg sjølv og tomheita er omgrep som Ruth gjennomlever i seg sjølv medan ho vandrar i Bordeaux i påvente av utstillinga si og i eit retrospektivt perspektiv grublar over forholdet sitt med Johannes; seg sjølv førestiller ho som den som nærmar seg, men ho blir skjøva vekk igjen og igjen. Til trass for at ho er klar over avhengnaden sin av mannen og strevet med å erobre han som er uoppnåeleg, aner ho likevel at det kroppslege, – eller snarare det kroppslege som har transformert seg til eit psykologisk kompleks, – hindrar ho i å steppe ut av det traumatiske spillet.

Seksualitet er noko som ofte takast opp i romanen og diskuterast openlyst, men skildringane som er frie for puritanisme, får etter kvart lesaren til å skjøne at alle desse erotiske lekene og dei pirrande detaljane eigentleg munnar ut i ein og same konklusjon: Ruth hikar etter at mannen «fyller» ho, dessutan ikkje berre og ikkje primært fysisk i så måte. «Tomheita» hennar og svolt er eit kjenslemessig vakuum som heile tida tennast på nytt av at Johannes manipulerer med kvinnepsyken, til dømes når han føreslår utradisjonelle seksuelle praksisar eller når han opent fortel ho om opplevingane sine på nattklubbar. For Ruth verkar denne «openheita» som om han avslår henne som partneren sin. Eit av dei tyngdepunktane i tankerekka til teksten er spørsmålet om det finnast/trengs ein grense mellom openheit og intimitet i eit parforhold.

Bārbala Simsone i Punctum, 20/04/2021

Eit latvisk eksemplar er tilgjengeleg til utlån hos Grāmatu klubs, Bokklubben til Den latviske foreningen i Bergen. Om nyheitene i Bokklubben kan ein få vite også på Facebook.