Tag

omsetjing

8. mars 2021 fast

Omsetjing av litteratur

Inga Bērziņa har lang erfaring med omsetjing av litteratur. For det meste har ho omsett frå norsk bokmål, men også frå nynorsk, norrønt, islandsk og dansk til latvisk. Bērziņa har også omsett frå latvisk til norsk.

Her kan ein lese litt om dei nyaste utgjevingane og finne tilvisingar til omtalar, enkelte førelesningar og annan informasjon om dei omsette bøkene.

3. februar 2021

Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux

Hanne Ørstavik er ein av dei mest markante og særprega forfattarar i vår tid.

Hanne Ørstavik er ein av dei mest markante og særprega forfattarar i vår tid.

Det finnast ein stor åpen plass i Bordeaux kor Ruth går ut av taxien med trillekofferten sin og lurer på om Johannes kjem til å kome. I Bordeaux bur Abel som driv eit galleri, ho tek Ruth med ut i natta. Imedan går Lily, dottera til Abel, under trærne langs kanalen. Der møter ho Ralf, ein ung gut som ber på ein gitarkasse.

Les meir

26. mars 2019

Feiringen av livet

Feiringen av livet er ein roman om mangfaldet som knyter menneska saman. Historia tek utgangspunkt i døden til Eleonora. Dottera hennar Helēna har aldri hatt nær kontakt med ho, men følgjer no ønsket til mora si og inviterer syv for ho sjølv heilt framande personar til gravferd. Om natta etter gravferda fortel dei syv skikkelsane frå fortida kvar si historie med Eleonora som hovudperson. Forteljingane viser Helēna syv ukjende sider av mora, ein innsikt som i laupet av natta gjev ho eit nytt forhold til mora, til seg sjølv og til framtida.

Les meir
nn_NONorsk nynorsk