Fordømte ’94 er eit portrett av ein generasjon på 1990-talet som søkte etter sin egen identitet og var fan av alternative kulturar. Det er ei rørande historie om oss som unge, når alle er imot heile verda og freistar å ikkje bli som «ein av dei». Men er det moleg? Kan ein halde det løftet?

Europrize

Handlinga er lagt til 1990-talet i den latviske byen Jelgava og skildrar den ofselege intensiteten i datidas alternative kultur med heavy metal musikk. Joņevs tek lesaren med dypt inn i den verda han skildrar. Han kombinerar den intime dagboka til ein ung gut som freistar å finne seg sjølv ved å bli med i ein subkultur, med ein dyktig, detaljert og nærmast dokumentarisk framstilling av starten på Latvias andre periode som sjølvstendig stat. Historia er spesielt fengslande for generasjonen som opplevde hendingane som er beskrive i boka. Joņevs er den fyrste forfattaren som bruker episodar frå denne perioden i ei rein litterær framstilling.

Arendal bibliotek

Erlend Erichsen, Magnus Paulsen, Jānis Joņevs og Snorre Karkkonen Svensson i Bergen Litteraturhus. Der var dei for å promotere romanen «Fordømte 94» av Jānis Joņevs, som vann EUs litteraturpris i 2014. Ho er inkludert blant 100 verk som er kåra til det beste av latvisk litteratur gjennom tidene. Foto: Bokbyen forlag

Kulturrådet

10. mai kl. 20:00 i Litteraturhuset i Bergen  kan du møte Jānis Joņevs, forfattaren av Fordømte 94, den prisbelønna oppvekstromanen om opprør og metal, samt den fyrste romanen som er omsett direkte frå latvisk til norsk av Snorre Karkkonen Svensson, språkleg konsulent Inga Bērziņa.

Latvisk forening i Bergen

Filmen «Jelgava ’94» på engelsk og nynorsk (2019)

Filmen «Jelgava 94» er basert på Jānis Joņevs debutbok (Fordømte 94 på norsk) som blei ein enorm suksess i heimlandet og forfattaren blei blant anna tildelt EUs litteraturpris i 2014. Lars Saabye Christensen har beskrive ho som latvisk litteraturs svar på Beatles.

Fordømte 94 går føre seg i byen Jelgava like sør for Rīga kor den sære ungdomsgjengen lever i sin egen Black Metalfantasi med norsk Black Metal som den store ledestjerna. Omsetjaren Snorre Karkkonen Svensson fødd 1977 og arbeider med språk, litteratur og pedagogikk i Latvia, Litauen og Norge.

Kjelde Allwester