Soge om Ramnkjell Frøysgòde er ein kort islendingesoge som truleg kan vere skriven ned i andre halvdel av 1200-talet. Historia foregår i det nordøstlige Island tidleg på 900-talet, kort tid etter landnåmet og handlar om stormannen Ramnkjell, som på grunn av sitt eiget løfte om å skjerme hesten Frøyfakse som han har via til Frøy, føler seg nøyddt til å drepe ein av sine eigne tenestekarar. Difor dømmast han fredlaus. Ramnkjell lykkast imidlertid med å ta att makta si og krev hemn for uretta han meiner at han har møtt.

Soga har vore beskriven som «eit av dei finaste kunstverk i norrøn litteratur» og som «en ren perle blandt slægtsagaerne». Saman med Soga om Gunnlaug Ormstunge  er det den hyppigast utgjevne soger. Sjølv om soga er kort, har ho ein tvetydig moral og bodskap som har utfordra lesarar og litteraturhistorikarar i større grad enn noka anna soge.

Wikipedia


Omslagsdesign: Liene Hapanioneka

Den særdeles korte Soga om Ramnkjell Frøysgode kan kallast for ein islandsk litteraturperle, for eit mesterverk i miniatyr. Den stilige og rike utgjevinga av islendingesoga på latvisk er på samme tid akademisk stødig og kulturhistorisk spennande. Der kan ein finne både kart og faksimile av det eldste sogamanuskriptet som er overlevert. Soga kan ein lese på begge språk – både latvisk og norrønt.

Soga er omsett frå norrønt av cand. mag. Inga Bērziņa, språkkonsulentar: Uldis Bērziņš, Knuts Skujenieks, Dens Dimiņš, Snorre Karkkonen Svensson.

Dikteren Uldis Bērziņš seier om Soga om Ramnkjell Frøysgode slik: «Åh, den barske reportasjen frå den heidenske «oligarkrepublikken»: det er kanskje halve århundre som skiller heltane frå kirkens tru på lineær tid, frå progresshistoria og alle illusjonar som høyrer progress(historia) til! Mitt hjerte føler med taparen Såm – lenge leve „politisk dilettant”, lenge leve den frekke, sentimentale, klønete idealisten!»

"Takka vere omsetjaren Inga Bērziņa har me fått den lille, men veldig fargerike soga om Ramnkjell Frøysgode. Med glede kan eg påpeike at omsetjinga har vorte ganske sterk og livleg," seier diktaren Knuts Skujenieks.


Ei soge om soger

På nettsida Satori kan ein lese essayet til Snorre Karkkonen Svensson, som er inkludert i den latviske sogautgjevinga: «Soge er ein litterær sjanger. Det er ein aldeles særmerkt sjanger i verdslitteratur. Med tanke på sideantall er den ikkje så imponerande og er forbunde særleg med eitt lite folkeslag. I likskap med latviere, som har dainas som ein del av identiteten sin og nasjonalsignaturen, også islendingene har noko å vere stolt av – soger, og dei hevdar utan blygsel at Island er ein sogeøy. Til trass for det at sogeforfattarar er ofte ukjende, høyrer sogene – i motsetnad til dainas – neppe blant folklore, men skjønnlitteratur, i tilfellet me måtte føle trang til å trekke grenser mellom sjangre.»

Satori


Lesarens største utbytte er ein spennande litteratur med akademisk spissfindighet og tilleggsverdi. Det er ein handlingsmetta bok til einkvar som set pris på verdslitteratur eller kulturhistorie. Den bilingvale utgjevinga gjev moglegheit til å kaste blikk i den norrøne teksten parallelt med omsetjinga. Utgjevinga er berika med grundige kommentarar, forklaring på prinsipp som ligg til grunn for atgjeving av dei norrøne eigennamn i denne utgjevinga. Dessutan får ein skissert dei viktigaste trekka ved sogesamfunnet, som kan hjelpe lesaren å forstå den fleirtydige bodskapen til sogene.

https://vimeo.com/36407579
Ziemeļu stāsti