På eit middelaldertorv i Italia kler ei kvinne seg naken for elskaren sin. Og elskaren veit å gjengjelde denne kjærleikserklæringa. Men korleis har denne historia havna i det enorme biblioteket til Vatikanet og blei gløymd? Ein dag finn ein einsam bibliotekar dei gløymde forteljingane. Skildringa om underet, om kjærleik og lengsel, hovmod og freisting. Om kunsten og røyndom.

Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede, debutromanen til Jan Wiese, kom ut i 1990. Sidan har romanen stadig funne – og vunne – fleire lesarar, både i og utanfor Noreg: Romanen er gjeven ut i 17 land, og har selt over 100 000 eksemplarer berre i Noreg.

Gyldendal


Framfor dokker er det ein roman, ein skildring gjennomvove av legender om at det gode og det onde eksisterer sida om sida, ei forteljing om godheit og kjærleik som me alltid leitar etter i dei andre og ein annan stad.

Den originale tittelen til romanen er «Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede». Det gjer ho på torget. Me les også om ein mann som kler seg naken for elskeren sin på torget. Me les om eit kjærleiksmirakel. Om hat. Og om Roma kor hovudpersonen grev i dei hemmelege arkiva til Vatikanbiblioteket for å spora opp ei uvanleg altertavle “Madonna med barnet”. Slik trør han dei skjebnesvangre livsvegane til den ukjende målaren. Ved hjelp av århundregamle vitnemål openberr han den lenge glemte vegen til seg sjølv i notid.

“Denne boka – ein historie frå middelalder i stil med Umberto Eco – fortel om eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria som gjev einkvar som ser på ho, ein fantastisk evne til å synge. Handlinga er bygd opp på genialt vis. Den verkar akkurat som ei kinesisk eske når lagnadstrådane til kunstnaren, forteljaren og forskaren flettast saman i ein helskap i notida.

“Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede” er ei av dei sjeldne bøkene kor den kunstneriske dybda går hand i hand med ein menneskeleg varme. Etter å ha lest denne romanen, føler ein seg på mange måter rikare,” skriv Susanne Bjertrup i Politiken

Jan Wiese er fødd i Bærum, Noreg. “Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede” er første romanen hans. Boka er omsett frå norsk til latvisk av Inga Bērziņa.

TV Nett