I november 2015 kom den første omsetjinga av Eldre Edda til latvisk og var såleis ei av dei viktigaste litterære hendingane i Latvia. Gjendiktinga blei gjort av den kjente diktaren og omsetjaren Uldis Bērziņš.
Det er ikkje reint enkelt å omsetje så gamle tekstar som Eldre Edda. I tillegg til språkleg avstand møter omsetjaren også kulturelle utfordringar. Her fortel den faglege redaktøren Inga Bērziņa om bakgrunnen for den norrøne diktninga, overlevering av Edda og utfordringane til omsetjaren. Opptaket er på latvisk.
Uldis Bērziņš
Uldis Bērziņš (1944–2021), diktar og gjendiktar, er født i Rīga. Bērziņš har studert latvisk filologi ved Statsuniversitetet i Latvia (1962–1964). Dei fyrste dikta blei publisert i 1963, men fyrste diktsamlinga hans kjem ikkje ut før 1980. Han har studert turkotatariske språk ved Universitetet i Leningrad, Øst-fakultetet (1968–1971), har teke språkleg fordyping også ved Instituttet for Asia og Afrika i Moskva (persisk og tyrkisk), Statsuniversitetet i Tasjkent (usbekisk), Universitetet i Reykjavik (islandsk), i Czechoslovakia, Sverige mm.
Bērziņš har studert ved det internasjonale Bibel-omsetjarseminaret ved Det frie universitetet i Amsterdam. Han har vært praktikant ved Universitetet i Lund, Teologisk fakultet med spesialisering i omsetjing av Koran. Han har undervist i tyrkisk ved Det latviske universitet, fakultet for moderne språk. Bērziņš gjendikter og omsetjer frå slaviske, semittiske, tyrkiske, iranske, germanske og andre språk. Han blir sett på som ein av dei mest innflytelsesrike moderne gjendiktarar som har inspirert mange andre diktarar både med tanke på dikting, men også på gjendikting.
Uldis Bērziņš fortel om rolla si som omsetjar (2019): «Eg som omsetjar føler ikkje noko trong til å vere den som formar meiningane til folk. Oppgåva mi er liksom den, slik eg ser det i det skarve sinnet mitt … liksom styrke den estetiske krafta til det latviske språket, styrke det stilistiske spekteret, omsetje tekstane betre enn til andre, til og med store språk. Slik at det lille språket mitt kan måle seg med dei sterkaste i verda.»
Denne Youtube-videoen er teksta på engelsk og russisk.
Satori skriv kort tid etter at diktaren gjekk bort: «Når ein kjem i kontakt med diktinga og gjendiktinga til Uldis Bērziņš, får ein verkeleg ei kjensle av at han, ved å jobbe med språket, skapar verda, eller i alle fall innordnar ho. Ordet for Uldis Bērziņš er ikkje berre ein lyd eller kommunikasjonsmiddel som brukast for at menneska skulle forstå kvarandre. Ordet er nærmast ein magisk handling som er i stand til å beva og transformera verda. Like fullt med éin, derimot veldig viktig føresetnad. Bērziņš har nemleg sagt i si tid at det å skrive – det er «å puste ut» ordet. Ordet må vere pusta ut, sluppe gjennom Gud veit kva for bevisstheitas og ubevisstheitas avluker slik at det skulle virkelig vere i stand til å forandre verda.»
IN MEMORIAM
24.03.2021
Illustrasjoner
I tillegg til å vere fyrste av sitt slag i latvisk er utgåva av Eddas dziesmas praktfullt utforma av kunstnarane Lilija Dinere og Roberts Diners. Roberts hadde laga figurar i forskjellige materiala og storleik.
Lilija leika med dei som eit barn med leketøy – med Odin, vanane og alle dei andre mytologiske skikkelsane. Ho plasserte dei på bileta sine som ho hadde mala på bøttepapir frå Himalaya. Såleis fekk illustrasjonane ein sandfarga bakgrunn som minner uomtvisteleg om manuskript med dei overleverte eddadikta. Her på bloggen til Lilija kan du sjå illustrasjonane.
Ved sjøen. Lilija Dinere. Roberts Diners
Foto: for publisitet
I utstillinga si har Lilija og Roberts satt fokus på den gamle kulturen, heltane og episke hendingane kor dagens menneske kan sjå analogien til seg sjølv og livet her og no, og som ein bevisst freistar å identifisere seg med. Kunstnarane er interessert i kodane og arketypane som mytane rommer, det kulturelle særpreget deira og samtidig kor universelle dei er. Utstillinga – som ein myteavkodingsprosess, som eit gjenskinn av arkaiske skikkelsar og mytar, og implementering av dei i moderne tid.
Roberts Diners har skapt figurane kor mennesket, dyret, dei gamle arketypane og dagens assosiasjonar har smelta saman. Kunstnaren har laga skulpturar ved hjelp av forskjellige teknikkar og blanding av dei – bronse, jern, sølv, stein, leire, tre, sand, inkrustasjonar, patina og fargelegging. I utstillinga til Roberts Diners kan ein sjå figurane og andre objekt i ulik storleik. Der er det alt frå miniatyrer til overdimensjonerte installasjonar. Roberts er oppteken av korleis det er mogleg å sjå inn i eit lite objekt eller detalj og skape det om til ein monumental skapning; og omvendt – korleis ein kan avbilde ein kosmogonisk prosess i eit miniatyrformat. Sjå figurane som pryder Eddas dziesmas.
Felles utstilling Gudar og heltar, spegelbilete og skuggar
Legg inn eit svar