Det var ein glede å presentere det etterlengta verket fr[ gullfondet til nordisk litteratur: Is-slottet av Tarjei Vesaas. Tusen takk til alle som tok del i bokopningsseremonien til forlaget Nordisk 2. desember 2013!
Romanen Is-slottet er omsatt frå nynorsk av Inga Bērziņa.
Bokomslaget er laga av den kjente latviske grafikeren og performansartisten Kate Seržāne. Til dette har ho laga eit originalverk Varmt lysskjær (Siltā blāzma) i sepia teknikk som er en måte å tegne på med blekk som stammer fra sepia blekksprut. Størrelsen på teikninga er imponerande 1,50 m x 1 m.
Omslagsdesign: Jānis Štālbergs
Kate Seržāne
Grafikar, performance artist
Kort biografi
Fødd: 1980
Fyrste skule – Aizupes grunnskule. Seinare Gymnasium for brukskunst i Rīga, etterfølgt av Latvisk Kunstakademi kor ho utdanna seg til juveler og dermed var vegen til grafikkverda i svort-kvitt staka ut.
Dei viktigaste resultata og fakta
”Eg har vakst 168 cm i høgda, som gjev meg moglegheit til å sjå tilstrekkeleg høgt og oppnå ein viss fart. Eg er fornøgd med livsvalet mitt, det vil seie TEIKNING som autonom kunstform. Det har gjeve meg internasjonale prisar og anerkjenning. I verka mine forsøker eg å vise fram den uendeleg rike vannverda som blir formidla vidare til besøkande gjennom skikkelsane mine.”
Kate er ein av dei få latviske grafikarar som har vigd særleg merksemd til teikning, for det meste i sepia teknikk. Ho har med hell delteke i fleire internasjonale utstillingar i Litauen, Polen, Estland, Tsjekkia, Belgia, Hviterussland, Makedonia, Spania.
Omsetjaren har ein utroleg respekt for arbeidet sitt – då me fyrst snakka med Inga om samarbeid rundt denne omsetjinga, lo ho og sa at ho nesten kjente romanen Is-slottet utenat – for dette arbeidet var så nært og viktig for ho. Imidlertid skjedde ikkje omsetjinga med ein gong. I fleire måneder, som førebuing til omsetjinga, lytta Inga til lydversjonen av boka på nynorsk i hodetelefoner. «Eg gjekk og lytta til den poetiske flyten av språket. Dager gjekk, veker og måneder, og berre når eg forsto at eg var klar for denne omsetjinga - når den litterære verda til forfatteren hadde fått gjenklang i meg, fyrst då begynte eg å omsetje.»
Den latviske bokklubben i Bergen
Tysdag, 4. mars 2014 i Bergen bibliotek, Strømgaten 6, hadde den latviske bokklubben i Bergen første møtet sitt. Denne gongen var det omsetjaren Inga Bērziņa, ein latvier som bor i Bergen, invitert til samtale om Is–slottet av Tarjei Vesaas som ho hadde omsett til latvisk.
Tarjei Vesaas er ein av dei mest kjende moderne norske forfattara. Han hadde i løpet av livet sitt skrive nesten 40 verk i ulike sjangre – romanar, dikt, skodespel og noveller. Fleire av forfatterens verk er omsett til latvisk, men Is-slottet er det nyaste som har kome ut på latvisk. Is-slottet starta vegen til den latviske lesaren berre mot slutten av fjoråret. Gjennom å høyre Inga fortele om Is-slottet, om kjenslane, om assosiasjonane, om utfordringane i omsettelsesprosessen, blir eg ikkje kvitt inntrykket av at Is-slottet betyr noko meir for Inga enn berre ei bok, meir enn berre jobb, plikt – det er ei heil verd som på sett og vis måtte oppdagast på nytt. Eg er heller ikkje redd for å seie at godhuget til Inga og den personlege tilknytninga «fortryller», vekker lyst til å nyte boka så snart som mogleg. Me fekk høyre Inga og Gunda lese utdrag frå Is-slottet både på nynorsk og latvisk. Som Artis, ein av tilhøyrara, sa: „Alltid, uansett kor gamal ein er, er det veldig fint å bli lest for. Av den grunn åleine er det verdt å kome til bokklubben.”
Ein absolutt subjektiv fortelling frå den uavhengige journalisten Liāra
Legg inn eit svar